Vossatrygg er eit ideelt foretak som jobbar med livsmeistring, folkehelse og glede for born og unge

Gjennom våre aktivitetar står meistring, tru på eigne evner og det at min stemme betyr noko sentralt. Å kjenne på samhald og kjensle av tilhøyrsle er i fokus. Me tilbyr ulike aktivitetar for born og unge samt kurs i Trygg av natur metodikk for vaksne. Ein kan også få kurs i livredning ute både for born og vaksne hos oss.

Naturskulen

Naturskulen er eit alternativt skuletilobod til dei som ynskjer ei endring i kvardagen sin. Her er ein i lag i ei gruppe på 8 - 10 elevar, og kjensla av tilhøyrsle og tillit er fyrste mål. Det er også ein viktig del av metodikken at dei som er med, kjenner på medråderett. At alle har ein stemme som vert høyrd. Dette oppnår me gjennom stort handlingrom og lite vaksenstyring. Me nyttar naturen som læringsarena, då naturen byr på fantastiske moglegheiter til meistring og sterke opplevingar.

Utdanning

Vossatrygg tilbyr i samarbeid med Trygg av Natur Oslo, ein modulbasert utdanning i Trygg av natur - metodikken. Korleis jobbar ein Trygg av natur - rettleiar? Kva teoretisk fundament byggjar metodikken på? Utdanninga er bygd opp av fire modular:

Modul 1 - Nysgjerring

Modul 2 - Lyst på meir

Modul 3 - Kvalifiserande for å halde naturskule

Modul 4 - Kvalifiserande for å halde rettleiarkurs

Livredning ute

Me tilbyr introkurs i livredning ute for alle som har ansvar for, eller vil lære om, trygg aktivitet i, ved og på vatn. Kurset inneheld mellom anna det å vurdere tryggleik, planlegge, gjennomføre og evaluere trygg aktivitet, gjennomføre sjølvredning og livredning ute, livreddande fyrstehjelp samt livredningsprøve.

Me ynskjer trygge, robuste born og unge som vakner om morgon og tenkjer

“Dette får eg til!”